Saman mot målet
Arbeidsgivaren som den viktigaste medspelaren
Orda ovanfor er stole frå NAVs verksemdstrategi 2030. Men eigentleg er det ikkje å stele – det handlar meir om å spele på same lag. NAV får ei utfordring med å nå måla i sin strategi om ikkje vi – som tiltaksarrangør – gjer det vi skal.
Noko av det vi skal, er å gi tiltaksdeltakarar i varig tilrettelagt arbeid (VTA) moglegheit til å hospitere i det ordinære arbeidslivet. Dette er eit tema som fortener meir merksemd, og meir mobilisering, både frå tiltaksarrangør, men ikkje minst frå den viktigaste medspelaren: Det ordinære arbeidslivet.
Dette handlar om meir arbeidsinkludering, som ikkje berre er eit spørsmål om rettferd, men også om å opne dører og skape mogelegheiter for alle.
Arbeidsinkludering er nært knytt til FN sitt bærekraftsmål nr. 8 om anstendig arbeid og økonomisk vekst.
- Det handlar om å gi alle – uansett funksjonsevne – moglegheit til å delta produktivt i økonomien, som igjen styrker den totale økonomiske veksten .
- Det handlar om gi alle – uansett funksjonsevne – moglegheit til å få anstendig arbeid med rettferdig løn, trygge arbeidsforhold og mogelegheit for personleg og fagleg utvikling.
- Det handlar om å redusere ulikheiter, bryte barrierar og fremje like mogelegheiter for alle.
- Det handlar om mangfald og innovasjon i bedrifta di. Vi trur at mangfald på arbeidsplassen aukar sjansen for innovasjon og berekraftig utvikling. Eit mangfald i miljøet kan by på ulike perspektiv, erfaringar og ferdigheiter som gir eit rikare arbeidsmiljø, og kan vere godt for problemløysing og kreativitet.
Personar med ei yrkeshemming eller ei funksjonsnedsetting møter framleis mange hindringar når dei prøver seg i arbeidslivet. Dette kan kome av fordommar, manglande tilrettelegging eller mangel på kunnskap om korleis ein best kan inkludere personar med ulike funksjonsnedsettingar.
Hugs då at tiltaksbedrifta er der for å bistå arbeidsgivar med den kunnskapen vi sit på. Hospitering for våre arbeidstakarar er eigentleg vinn-vinn for alle partar når vi alle er bevisste behova til kvar arbeidstakar, når vi avstemmer ulike forventningar, og når vi klarer å oppmuntre til ein kultur som verdset mangfald og inkludering.
Og for arbeidsgivar kjem i tillegg dei openberre fordelane godt omdømme kan gi. Folk veit å verdsette bedrifter som tar samfunnsansvar!