Tilrettelagt arbeid

Kontaktperson: Fagansvarleg for tilrettelagt arbeid Åshild Langeland, tlf. 96098509.

Gå til kontaktskjema

Tilrettelagt arbeid er for deg som får uføretrygd og ønskjer å ta del i arbeidslivet med den støtta du treng. Målet er å skape ein trygg og meiningsfull arbeidskvardag der du får bruke evnene dine og utvikle nye ferdigheiter. Gjennom tilrettelagde oppgåver og tett oppfølging får du høve til å vekse, oppleve meistring og bidra med det du er god på.

Gløde leverer to tiltak innanfor tilrettelagt arbeid:

  1. VTA (varig tilrettelagt arbeid) Innsøking skjer via lokalt NAV-kontor.

  2. KVA (Kommunalt tilrettelagt tiltak, Alver kommune) – Innsøking skjer via Alver kommune

VTA Gløde Arbeidsinkludering Myndiggjøring Brukermedvirkning
Gløde Catering Nordhordland

Hos Gløde er du med og påverkar di eiga arbeidssituasjon. Vi trur på deltaking, meistring og at alle har noko verdifullt å bidra med.

Du får ein fast kontaktperson som følgjer deg opp, og saman finn vi løysingar som passar for deg. Gjennom tilrettelagt arbeid får du brukt erfaringane og styrkane dine – og utvikla deg vidare.

Du kan få permisjon for å prøve deg i ei anna bedrift, og slik teste ein ny arbeidskvardag. Tiltaket har inga tidsavgrensing, men vi vurderer jamleg saman kva som er neste steg, som utdanning, meir kvalifisering eller jobb utanfor Gløde.

Arbeidsområder hos oss:

Logistikk

Drift og handverk

Gløde Data

IKT

Eg vil vite meir om tilrettelagt arbeid hos Gløde