Jobb og utdanning – vi hjelper deg vidare

Gløde si hovudoppgåve er å hjelpe menneske vidare – til jobb eller utdanning.
Gjennom ulike tiltak tilbyr vi arbeidsinkludering og jobbtrening i Vestland, der målet er at kvar deltakar skal få brukt evnene sine og finne ein plass i arbeidslivet.

Hos oss kan du få:

  • Avklaring av arbeidsevne og behov for utdanning eller vidare kompetanse.

  • Karriere- og jobbrettleiing med fokus på mål, meistring og motivasjon.

  • Praktisk arbeidstrening og arbeidsutprøving.

  • Samarbeid med helsetenesta og arbeidsgjevarar.

  • Hjelp til å få – og halde på – ein jobb som passar deg.

Arbeidsinkludering – deltaking for alle

Arbeidsinkludering handlar om å kunne delta i det ordinære arbeidslivet, også når livet byr på utfordringar.
Hos Gløde møter vi menneske med ulike bakgrunnar – kanskje du:

  • har helseutfordringar,

  • har sosialt eller økonomisk vanskeleg utgangspunkt,

  • ikkje har fullført skulegong,

  • er sosialhjelpsmottakar,

  • eller er ein del av ein etnisk minoritet.

Uansett situasjon: Gløde kan vere ei trygg støtte for deg som ønskjer å finne vegen vidare.
Vi kartlegg ressursane dine og samarbeider med næringslivet for å hindre utanforskap og for å skape eit meir inkluderande arbeidsliv i Vestland.

CV Søknad Intervju
Avklaring Yrkesveiledning Gløde AFT Språkopplæring Arbeidsinkludering

Arbeidspraksis tilpassa kvar enkelt

Hos Gløde legg vi stor vekt på å finne ei arbeidspraksis som gir meining for kvar enkelt deltakar.
Målet er at du skal oppleve meistring, utvikling og arbeidsglede – i eit trygt og støttande miljø.
Gjennom ein strukturert prosess tilpassar vi praksisen ut frå interesser, ferdigheiter og mål, slik at du får den beste starten på vegen mot ordinært arbeid.

Samarbeid med arbeidsgivarar

Vi har eit tett samarbeid med lokale verksemder i Nordhordland/Bergen:

  • Vi driv oppsøkande arbeid for å etablere praksisplassar i relevante bransjar.

  • Arbeidsgjevar og Gløde finn saman oppgåver som passar deltakarens kapasitet og behov.

  • Vi tilrettelegg praksisperioden med gradvis opptrapping av arbeidsmengde og ansvar.

Jobb og utdanning

Digitale ressursar

NAV si eiga teneste. Her kan du finne ledige stillingar og oppdatere CV og jobbprofil.

Her kan du få hjelp av NAV sine eigne jobbekspertar. Spesielt retta mot unge jobbsøkarar.

Du kan opprette ein brukar på finn.no og registrere CV. Her finn du oversikt over ledige stillingar i heile landet.

Verdas største profesjonelle nettverk.

Informasjon om jobb og utdanningstilbod.

Verktøy for sammenligning av utdanning og jobb.

Her kan du søke opptak til universitet, høgskule og fagskule.

Informasjon og oversikt over utdanning og yrker.

Informasjon om alt som gjeld vidaregåande utdanning.

Oversikt over viktige datoar når det gjeld utdanning.

Det du treng å vite for å ta ei yrkesutdanning.

Alt om vidaregåande utdanning i Vestland fylke.

Godkjende lærebedrifter.

Strukturen for studieførebuande og yrkesfag i vidaregåande opplæring.

Ein podcast om å ta det riktige valet.