Bli lærekandidat hos Gløde

Ei opplæring tilpassa deg

Hos Gløde ønskjer vi å gi fleire sjansen til å lære gjennom praksis. Vi er ein godkjend lærebedrift innan:

Vi jobbar òg med å bli godkjend lærebedrift i IT-utviklarfaget.

Som lærekandidat får du opplæring i delar av læreplanen – tilpassa dine behov og mål. Dette kallar vi grunnkompetanse. Du får jobbe praktisk, utvikle deg i ditt eige tempo, og bygge erfaring som kan hjelpe deg vidare i arbeidslivet.

Vi lagar ein eigen opplæringsplan saman med deg. Der bestemmer vi:

  • Kva du skal lære (kompetansemål)

  • Korleis vi legg opp læretida

  • Kva støtte og tilrettelegging du får

Møbelsnekker Gløde

For kven passar ordninga?

Lærekandidatordninga er for ungdom eller vaksne som:

  • Har eller trur dei vil få utfordringar med å fullføre heile yrkesutdanninga

  • Har hatt tilrettelagt opplæring på skulen

  • Manglar karakterar eller vurderingsgrunnlag frå grunnskulen eller vidaregåande

  • Treng ein tilpassa læreplan i bedrift med færre mål enn det som krevst for fagbrev

Kva får du som lærekandidat?

  • Opplæringskontrakt – du har ein kontrakt med oss som må godkjennast av fylkeskommunen

  • Lønn under opplæring – hos oss får du same løn som i tilrettelagt arbeid

  • Kompetansebevis – etter læretida og ein avsluttande kompetanseprøve får du bevis på det du har lært

Har du spørsmål?

Enten du er ungdom, føresett, lærar eller rådgivar – ta gjerne kontakt med oss for ein prat om moglegheitene som lærekandidat hos Gløde.

Saman legg vi til rette for at du skal få lære, meistre og lykkast.

Les meir om det å ta opplæring gjennom Gløde

Eg vil vite meir om tilrettelagt fagopplæring