Tilrettelagt fagopplæring

Gløde er godkjend lærebedrift i

Møbelsnekkarfaget

Kokkefaget

Logistikkfaget

Kontor- og administrasjon

Kan du ta kompetansebrev når du har ein varig tilrettelagt arbeidsplass?

Ja, det kan du!

Arbeidstakarar i VTA kan få tilbod om opplæringskontrakt (eventuelt lærekontrakt) når dette er hensiktsmessig for på sikt å få delkompetanse / full fagutdanning i eit av desse faga.

Arbeidstakaren får då status som lærekandidat (eventuelt lærling), og skal ha opplæring i faget med eit mål om å gå opp til kompetanseprøve (eventuelt fagprøve når arbeidstakaren har status som lærling)

Møbelsnekker Gløde

Deltakarar i Arbeidsførebuande trening vil også ha tilgang på opplæring via fagplanane i faga, og dette kan vere starten på ei vidare karriere som lærekandidat/lærling i eksterne bedrifter.

Gløde er og medeigar i Opplæringskontoret AMB Hordaland.  Dette er eit opplæringskontor med tilrettelagt fagopplæring som spesialitet.

Målgruppa her er ungdom som har eller vil få utfordringar med å sluttføre yrkesopplæring på eiga hand. Fagopplæring skjer både i tiltaksbedrifter og i den ordinære bedriftsmarknaden.

I samarbeid med OKAMB er Gløde tilretteleggjar for lærekandidaten og bedrift, og har oppfølging av begge partar gjennom heile opplæringstida.

Les meir om det å ta opplæring gjennom Gløde

Eg vil vite meir om tilrettelagt fagopplæring