AFT – Arbeidsførebuande Trening

Kontaktperson:

Avdelingsleiar Vibeke Prestmo Valestrand, tlf. 483 11 275vibekev@glode.no

Gå til kontakskjema

AFT-avdelinga held til på Mjåtveitflaten 33, Frekhaug.

AFT kan vere eit aktuelt tilbod for deg som av ulike grunnar har behov for særleg tett oppfølging og tilrettelegging med sikte på å komme i ordinært arbeid.

Målet med tiltaket er å styrke dine moglegheiter til å skaffe deg arbeid.

AFT Tilrettelegging Karriereutvikling Yrke Trearbeid
Trearbeid Gløde ARbeidsmarked Ressurser Mestring

Ved Gløde AFT vil du få ein personleg rettleiar som vil vere din samarbeidspartnar på veg ut i arbeidslivet. Saman skal vi avklare og kartlegge yrkesmåla og ressursane dine, og du vil få rettleiing når det gjeld din vidare karriereutvikling og jobbsøkarprosess.

Rettleiarane våre har god arbeidslivskompetanse, og du vil til ein kvar tid få relevant og oppdatert informasjon om arbeidsmarknaden, yrker, jobbkrav og utdanning. Gjennom AFT får du også tilbod om arbeidsutprøving, arbeidstrening og opplæring.

Som hovudregel har AFT ein varigheit på inntil eitt år. Treng du meir tid, kan du få tiltaket forlenga i samråd med NAV med til saman inntil to år.

Gløde sin AFT-filosofi

Vi har eit klart jobbfokus. Ordinært arbeid under ordinære vilkår er målet.

Du eig din prosess fram mot arbeid.

Tilbodet du får skal vere målretta.

Du og NAV skal sitte igjen med ein meirverdi og eit resultat etter tiltaket.

Eg vil vite meir om arbeidsførebuande trening (AFT)

Gløde AS

Org nr: 963 399 243

Adresse

PB 97,
5906 Frekhaug

Kontakt

Telefon: +47 56 17 58 00
E-post: post@glode.no