Treproduksjon

Ved tre- og gjenbruksavdelinga vil arbeidstakar få grunnleggande opplæring i ulikt snekkerarbeid, hovudsakelig av ulike bruksgjenstandar. Vi har fast produksjon av blant anna trendy småkassar i ulik storleik, ulike benkar til park/hage og blomekassar. Elles oppstår det stadig nye idear som vert til produkt.

Som deltakar/arbeidstakar i avdeling vil du få opplæring av faglærde folk og av andre med lang praksis innan handverksfag. Opplæringa vert gjort etter læremål frå møbelsnikkarfaget og trelastfaget.

Avdelinga er arbeidsarena for tiltaka AFT og VTA, for elevar og for eventuelle lærekandidatar.

Treavdeling Gløde Mestring

Gløde tre- og gjenbruk

Gløde Gjenbruk vart starta i oktober 2018 og kom under tak på Mjåtveit i oktober 2020. I dag er avdelinga slått saman med treavdelinga og er vår avdeling for tre- og gjenbruk.

Idèen bak gjenbruksavdelinga er å gjenvinne materialer frå byggenæringa og selge dette vidare til bedrifter og privapersonar. Dette skjer enten direkte (eks. sal av vindu/dør), eller ved å lage noko av det gjenbrukte materialet (blomekassar/boder m.m.).

Når avdelingane no er samlokalisert, vil det vere bruk av både nytt og gamalt materiale i produksjonen vår. Det vil alltid vere opplysningar tilgjengeleg for kunden om kva slags materiale som er i produkta.