Gløde har ein bedriftsfilosofi basert på verdiar. Hos oss er verdiane formulert i tre setningar som ligg til grunn for alt vi gjer:
Alle kan arbeide
Alle kan utvikla seg
Alle kan gjere ein skilnad
Det handlar om kva vi gjer, korleis vi gjer det, og kvifor vi gjer det.
Det handlar om å motivere og å leggje til rette for alle som vil arbeide.
Det handlar om å stille seg på deltakars side og utforske moglegheitene.
Det handlar om at den einskilde blir sett, blir utfordra og heia på.
Det handlar om at Gløde skal vere ein organisasjon under stadig utvikling.
Det handlar om å gi rom for det unike i kvar person.
Vi er overtydd om at når personar blir akseptert for den dei er, trivast og kan nytte alle sine ressursar, vil dei gjere ein forskjell. Vi tenker at kvar einskild er ei viktig brikke i det totale puslespelet.