Bedriftsfilosofi

Gløde har ein bedriftsfilosofi basert på verdiar.

Hos oss er verdiane formulert i tre setningar som ligg til grunn for alt vi gjer:

Alle kan delta

Alle kan utvikla seg

Alle kan gjere ein skilnad

Vi er overtydd om at når personar blir akseptert for den dei er, trivast og kan nytte alle sine ressursar, vil dei gjere ein forskjell.

Det handlar om kva vi gjer, korleis vi gjer det, og kvifor vi gjer det.

Det handlar om å motivere og å leggje til rette for alle som vil arbeide.

Det handlar om å stille seg på deltakars side og utforske moglegheitene.

Det handlar om at den einskilde blir sett, blir utfordra og heia på.

Det handlar om at Gløde skal vere ein organisasjon under stadig utvikling.

Det handlar om å gi rom for det unike i kvar person.

Vi tenker at kvar einskild er ei viktig brikke i det totale puslespelet.