Logistikk- og transport

Gløde AS har lagerhald av røyrklammer for Framo, samt lager av O-ringsett for Bergen Engines AS.

Arbeidet på lager-/logistikkavdelinga er montering av klammersett, ordrepakking, pakking av O-ringsett, pakningssett og reparasjonssett til skipsmotorar, kvalitetskontroll, truck køyring, dagleg kontroll av truck, varedeklarasjon, følge plukklister, kontroll av eige og andre  sitt arbeid, og logistikksystem på data. I tillegg monterer vi gummipakningar i vindaugslister for Lyssand Frekhaug.

Gløde Lager Logistikk Praksisarena
Gløde Logistikk Transport Truck

Avdelinga tilbyr også praksis og opplæring for deg som ynskjer å utvikle ferdigheiter innanfor transport. I dette inngår blant anna planlegging av transportoppdrag, erfaring med lasting/lossing og enkelt vedlikehald. Transportavdelinga gjennomfører transportoppdrag i heile Nordhordland og i Bergen. Her er det ein unik moglegheit til å bygge verdifull kompetanse for jobb i ein spanande bransje.

Gløde har leveranse  av jobb- og skulefrukt, catering, leveransar av produkt frå Gløde og eksterne oppdrag. Arbeidstakar ved transportavdelinga må ha hatt sertifikat (klasse B) i minst 3 månadar før dei får utføre køyring på eiga hand.

Alle bilane er klasse B, og opplæring og utføring av arbeidsoppdrag er retta inn mot budbilnæringa eller tilsvarande.

Avdelinga er arbeidsarena for tiltaka AFT og VTA, for elevar og for eventuelle lærekandidatar. Gløde er godkjent som opplæringsbedrift i logistikkfaget og kan tilby fagopplæring til aktuelle kandidatar.