Karriererettleiing

Er du usikker på kva du vil jobbe med, kva du kan, eller kva som kan vere neste steg? Hos Gløde kan du få hjelp til å utforske interesser, erfaring, kompetanse og moglegheiter innan arbeid og utdanning.

Saman ser vi på kva som er realistisk, kva du ønskjer, og kva steg som kan føre deg vidare.

Kva kan vi hjelpe med?

  • å sjå eigne styrkar og interesser
  • å utforske yrke og utdanningar
  • å sortere val og moglegheiter
  • å lage ein plan vidare
  • å førebu neste steg mot arbeid, utdanning eller praksis