Karriererettleiing

Gjennom karriererettleeing vert du tryggare på dei vala du skal gjere rundt jobb og utdanning. Karriererettleiing er eit tilbod i arbeidsmarknadstiltaka ved Gløde, primært i tiltaket arbeidsførebuande trening, men vert og jobba med i samband med arbeidstakarar i varig tilrettelagt arbeid (VTA).

Vi brukar mellom anna verktøyet InFlow24 som hjelp i rettleiinga. Med dette nettbaserte verktøyet får du hjelp til å reflektere over interesser du har, kompetansen din og erfaringar du har med deg. Verktøyet gir også moglegheit til å utforske eigne styrker og eigenskapar.

Gløde Karriereveiledning Karriereverktøy

Karriererettleiing

Digitale ressursar

InFlow24(digitalt karriereverktøy)

Eit prosessverktøy som gjennom kartlegging av verdiar, interesser og preferansar skal fremje selvinnsikt og refleksjon rundt eigne friskfaktorar, styrkar og utviklingspotensial.

Karriereverktøy (digitalt karriereverktøy)

Via dette verktøyet kan du også utforske interesser og preferansar, samt utforske yrker.

Rettleiing gjennom begge desse verktøya kan gjerast digitalt gjennom ulike kommunikasjonsplattformar, tilpassa deltakar/kunde.

Jobbkompasset

Usikker på kva du vil bli? Her kan du velje eit område som interesser deg og deretter finne eit yrke som passar.

Mitt Yrke 

NRK-serie med korte presentasjonar av ulike yrke.

Interessetestar på Utdanning.no

Kva er du interessert i? Finn ut meir om evner og interesser ved hjelp av ulike interessetester.

Karriereveiledning.no

Eit gratis tilbod frå Kompetanse Norge til alle som treng rettleiing om utdanning eller jobb – uansett kor du bur. Her kan du ringe eller chatte anonymt med ein profesjonell karriererettleiar, og finne tips, informasjon og verktøy.

Gløde Karriereveiledning Karriereverktøy Avklaring

Karrierettleiing