Gløde Data – IT-gjenvinning for bedrifter
Om oss
Gløde Data er ein del av Gløde AS, og vi tilbyr bærekraftig IT-gjenvinning for bedrifter i Vestland.
Gjennom vårt samarbeid med NAV gir vi menneske nye moglegheiter gjennom arbeidstrening innan IT, samtidig som vi hjelper verksemder med å ta ansvar for miljøet.
Ved å levere inn brukt IKT-utstyr til oss, får bedrifta di ei trygg og miljøvennleg løysing – og du bidrar til arbeidstrening, inkludering og det grøne skiftet.
Samarbeid for framtida
Ved å velje Gløde Data for IT-gjenvinning i Vestland, får du ein samarbeidspartnar som tek både miljø og samfunnsansvar på alvor.
Saman bidrar vi til FN sitt bærekraftsmål 8.5 – full og produktiv sysselsetting og anstendig arbeid for alle.
Kvifor velje IT-gjenvinning hos oss?
Vi kombinerer miljøansvar med menneskeleg verdiskaping. Hos oss får du:
-
Trygg sletting av data – vi brukar sertifisert programvare som fjernar alle data sikkert og dokumentert.
-
Miljøvennleg gjenbruk av IT-utstyr – vi oppgraderer, reparerer og reinstallerer lisensiert programvare.
-
Sosial berekraft i praksis – du støttar arbeidstrening for menneske som ønskjer å kome tilbake i arbeidslivet.
-
Lokal forankring – vi kan ta i mot utstyr frå bedrifter i Alver, Nordhordland, Bergensområdet og store delar av Vestland fylke.
Alt utstyr som kan gjenbrukast, får nytt liv. Resten blir forsvarleg handtert i tråd med miljøkrava.
Gjer ein forskjell i dag
Kontakt Gløde Data for trygg og berekraftig IT-gjenvinning for bedrifter i Vestland.
Saman skaper vi nye moglegheiter – for menneske, bedrifter og miljøet.










