LOKALE FIRMAGÅVER – FIRE ALTERNATIV –  FRÅ KR 245,-

Frist for bestilling 20.11.2026. Utlevering: frå 07.12.2026 t.o.m. 23.12.26

EI JULEGÅVE FRÅ NORDHORDALAND

Frå gjengrodd mark til julegåve

På Skøssn Gard rydda kasjmirgeiter veg for rundt 1500 epletre. Ved Osterfjorden står dei gamle laksegiljene framleis over dei bratte berga. På Osterøy har Tøsse Mølle produsert havregryn sidan 1906. No møtest smakane i fire julegåver frå Gløde og Smak av Nordhordland.

4
ferdige gåver
245-1 359 kr
pris per gåve
Lokalt
produsert og pakka
Utval av lokale matvarer, mellom anna yoghurt, cookies, eplemost, honning, spekepølse, krydder, havregryn og salatost

Kvar vare kan sporast tilbake til ein produsent i regionen

01

Lokalmat samla i ei gåve

Smak av Nordhordland kjenner produsentane og gjer lokalmat frå regionen meir tilgjengeleg.

02

Ei enkel løysing for bedrifter

Fleire lokale produkt blir samla, pakka og gjort klare for levering.

03

Arbeid og deltaking

Arbeidet med gåvene gir konkrete oppgåver hos Gløde og let fleire ta del i den lokale verdikjeda.

Frå Regionen

Ei gåve med mange adressar

Ei ferdig julegåve kan sjå enkel ut. Men kvar flaske, krukke og pakke har ei adresse og ei historie før ho blir lagd i gåva.

I desse gåvene går spora til gardar, fjord, veksthus, ysteri, kjøken og mølle rundt om i Nordhordland. Her blir eple, bær, mjølk, korn, fisk, urter og kjøt foredla av menneske som kjenner råvarene og staden dei kjem frå.

Smak av Nordhordland kjenner produsentane og produkta. Hos Gløde blir varene samla og gåvene gjort klare. Slik kan bedrifter velje fleire lokale produkt utan å måtte bestille frå kvar produsent for seg.

Dei lokale firmagåvene er eit fantastisk prosjekt i nettverket vårt. Her får vi vist breidda av dei gode lokalmat- og drikkeprodukta vi har i regionen, samstundes som vi samarbeider med Gløde – ei verksemd som arbeider for å få fleire inn i arbeidslivet. Det er eit godt døme på korleis lokal verdiskaping og sosial berekraft kan gå hand i hand.

– Smak av Nordhordland

Fleire glas med syltetøy saman med dekorative appelsinar på eit rustikt bord.

SKOTSUND I ALVER

Kasjmirgeitene rydda veg for eplehagen

Skøssn Gard ligg på Skotsund i Alver og har vore i den same familien sidan 1794. Då Karin Feste og Svein Kvamme tok over i 2014, var delar av innmarka og utmarka gjengrodd.

Kasjmirgeitene fekk ei oppgåve først. Dei vart sette inn i ryddearbeidet. Etter kvart kom frukttrea, og i dag står det rundt 1500 epletre på garden.

Epla blir til eplemost. Mosten frå Skøssn er med i fleire av gåvene og tek med seg historia om ein gard som vart teken i bruk på nytt.

Bak kvar flaske ligg det mykje meir enn berre eple. Me haustar epla, pressar dei og følgjer prosessen nøye fram til den ferdige eplemosten eller sideren. Me bruker tid på å utvikle smak og kvalitet, og prøver å la råvarene og særpreget frå garden få vere i sentrum. Det er eit handverk me stadig lærer meir om og utviklar vidare.”

– Skøssn Gard


MOLVIK GARD

Avlinga får eit lengre liv

På Molvik Gard dyrkar dei jordbær, bringebær, rips, solbær, rabarbra, plommer og eple. Noko blir selt medan det er ferskt. Resten kan bli til saft, syltetøy, jordbærsirup, eplemost, eddik eller tørka produkt.

Foredlinga gjer at meir av avlinga kan brukast også etter at sesongen er over. Jordbærsirupen i gåvene kjem herfrå.

Jordbærsirupen var det første produktet vi laga då vi byrja med vidareforedling, allereie før vi tok over drifta. Vi ønskte å kunne tilby produkt også utanom frukt- og bærsesongen, og samstundes nytte heile avlinga.

– Molvik Gard


HELLA PÅ RADØY I ALVER

Soppsaltet som tok tid å utvikle

Hos Hella Sopperi byrja det med å lære seg kunsten å dyrke sopp. Deretter måtte dei finne utstyr som kunne tørke soppen og knuse han til pulver, før dei kunne arbeide fram den rette samansetjinga i soppsaltet.

Firmagåvene gir Hella Sopperi ein marknad inn mot jul, når etterspurnaden etter fersk sopp elles er låg. Slik kan dei utnytte meir av råvarene og redusere svinn.

Lokale firmagåver gjer at vi har produkt å selje inn mot jul òg, i ein sesong der det elles er lita etterspurnad etter fersk sopp. Det gjer at vi får utnytta alle ressursane og unngår svinn. Arbeidet Smak av Nordhordland og Gløde gjer, er gull verdt for små produsentar, og det er veldig fint å vere ein del av eit fellesskap med andre matprodusentar.

– Hella Sopperi


STAMNES VED OSERFJORDEN

Røyken frå Osterfjorden

Ved Stamnes, innerst i Osterfjorden, held Leiren Laks til. Over dei bratte berga ved fjorden står dei gamle laksegiljene framleis. Dei fortel om ei tid då fangst og røyking av fisk var ein viktig del av matauken i området.

Den røykte ørreten i gåvene kjem frå Leiren Laks. Produktet fører ein lokal mattradisjon vidare, frå fjorden og inn i ei julegåve som kan delast ut på arbeidsplassen.


OSTERØY

Ei mølle i drift sidan 1866

På Osterøy har vatnet frå fjella gitt kraft til kornproduksjon gjennom fleire generasjonar. Tøsse Mølle vart etablert i 1866, og sidan 1906 har det vore produsert havregryn her.

I dag er Tøsse ei rein havremølle. Før havren blir til gryn, blir han reinsa, sortert, skalla, tørka, dampa og valsa. Det ferdige produktet er resultatet av mange arbeidssteg og ei lang produksjonshistorie.

Havregryna i gåvene kjem dermed frå ei verksemd som framleis held mølletradisjonen på Osterøy i drift.


EIKANGERVÅG

Små vekstar og nye smakar

Hos Mikrogrønt i Eikangervåg dyrkar Linda og Remi mikrogrønsaker innandørs. Reddik, urter og andre vekstar blir mellom anna brukte i salt og oljer.

Dei prøver stadig nye smakar og metodar. Reddiksaltet deira er med i den største gåva og viser korleis ein liten vekst kan bli til eit ferdig produkt med tydeleg smak.


OSERØY OG SÆBØVÅGEN

Oppskrifter frå garden og stølen

Hos Osterøy Ysteri og Småfeprodukt blir ressursane frå garden og stølen brukte til matproduksjon. Familien har laga ost etter den same oppskrifta i over hundre år. På stølen blir osten framleis kokt på bjørkeved. Dei foredlar også kjøt frå geit og sau.

Det er stas og fint å kunne stå saman med fleire å kunne få seld varane våre. Saman blir me sterkare.

– Osterøy Ysteri og Småfeprodukt

I Sæbøvågen driv Solheim Vestre Friluftsgard økologisk. Mjølk frå eigne kyr blir mellom anna brukt til yoghurt. Både osten, kjøtet og yoghurten har ein kort veg frå råvare til ferdig produkt.


STORE DELAR AV NORDHORDLAND ER MED

Fleire produsentar i same gåve

Cookies i gåvene kjem frå Aufera på Manger. Aufera har tilrettelagde arbeidsplassar og praksisplassar i tillegg til ordinært tilsette. Dermed bidreg også dette produktet til arbeid og deltaking lokalt.

Honningen kjem frå Alverhonning. Gjennom firmagåvene når dei også menneske som elles ikkje ville ha møtt produkta deira.

Alverhonning er smaken av sesongen som har vore – solstrålar forvandla til deilig luksus!

– Alverhonning

Gåvene inneheld også varer frå Tveita Gardsmat, Pøylo, Solvang Gardsmat og Slettevollen Gardsysteri. Frå desse produsentane kjem mellom anna syltetøy, gelé, spekemat, ramsløksalt og salatost.

Kvar vare kan sporast tilbake til ein produsent i regionen. Det gjer det mogleg å fortelje kvar innhaldet kjem frå, også etter at gåva er opna.


FIRE GÅVER Å VELJE MELLOM

Vel etter storleik og behov

Bedrifter kan velje mellom fire ferdige gåver. Finn gåva som passar, og gå vidare til bestillingsskjemaet.

Flaske med Freisting eplemost, cookies og syltetøy saman med eit glas eplemost, dekorert med fiken, grøne urter og raude bær

Gåve 1

245 kr

Ei lita julehelsing med tre lokale produkt.

  • Eplemost frå Skøssn
  • Cookies frå Aufera
  • Solbær- eller ripsgele frå Tveita Gardsmat
Glas med syltetøy og soppsalt saman med ei flaske jordbærsirup, dekorert med fiken, urter og raude bær.

Gåve 2

288 kr

Tre lokale smaker.

  • Soppsalt frå Hella Sopperi
  • Jordbærsirup frå Molvik Gard
  • Bringebærsyltetøy frå Tveita Gardsmat
Utval av lokale matvarer med mellom anna cookies, krydder, Alverhonning, syltetøy og Freisting eplemost.

Gåve 3

837 kr

Ei gåve med sju lokale produkt.

  • Eplemost frå Skøssn
  • Cookies frå Aufera
  • Honning frå Alverhonning
  • Røykt ørret frå Leiren Laks
  • Ramsløksalt frå Solvang Gardsmat
  • Bringebærsyltetøy frå Tveita Gardsmat
  • Rullepølse frå Pøylo
Utval av lokale matvarer, mellom anna yoghurt, cookies, eplemost, honning, spekepølse, krydder, havregryn og salatost

Gåve 4

1 359 kr

De Største alternativet med tolv lokale produkt.

  • Røykt ørret frp Leiren Laks
  • Salatost frå Slettevollen Gardsysteri
  • Solbær- eller ripsgele frå Tveita Gardsmat
  • Bringebærsyltetøy frå Tveita Gardsmat
  • Jordbærsirup frå Molvik Gard
  • Spikkepløse frå Pøylo
  • Spekepølse av geit frå Osterøy Ysteri og Småfeprodukt
  • Havregryn frå Tøsse Mølle
  • Eplemost frå Skøssn
  • Cookies frå Aufera
  • Reddiksalt frå Mikrogrønt
  • Yoghurt frå Solheim Vestre Friluftsgard
Jordbærsirup som blir helt over ei skål med graut, dekorert med appelsinar og raude bær.

ARBEID OG INKLUDERING HOS GLØDE

Hos Gløde blir gåvene gjort klare

Når varene har forlate produsentane, er reisa framleis ikkje ferdig. Hos Gløde blir produkta tekne imot, samla og gjort klare til å bli delt ut.

Gløde er ei arbeids- og inkluderingsbedrift. Vi arbeider kvar dag for at menneske som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet, skal får høve til å delta.

Ein arbeidsplass kan gi struktur i kvardagen, kollegaer, ansvar og nyttig erfaring.

Arbeidet med gåvene gir konkrete oppgåver og let fleire ta del i den lokale verdikjeda.

Vi er varsame med å bruke menneska hos Gløde i marknadsføringa. Dei skal ikkje vere eit verkemiddel for å selje meir. Samtidig ville det vere rart å ikkje fortelje at gåvene blir gjort klare i ei verksemd der arbeid og deltaking er sjølve oppdraget.

Frå lokale produkt til ferdig gåve

Smak av Nordhordland arbeider for å gjere lokalmat frå regionen meir tilgjengeleg. Dei kjenner produsentane, produkta og historiene som følgjer med.

Hos Gløde blir varene samla i fire ferdige gåver. Bedrifta kan velje storleik, sende éi bestilling og få fleire lokale produkt samla i ei gåve.

Samarbeidet gjer vegen kortare frå produsenten til bedrifta som skal kjøpe julegåver. Samtidig blir fleire lokale verksemder og arbeidsplassar ein del av den same leveransen.

Ei gåve med ei historie å fortelje

Kvar av gåvene samlar produkt med ein kjend produsent og ei lokal adresse. Nokre kjem frå lange tradisjonar. Andre er utvikla av produsentar som prøver nye råvarer og metodar.

Felles for dei er at dei blir laga i regionen, samla av Smak av Nordhordland og gjort klare hos Gløde.

Vil de gi tilsette, kundar eller samarbeidspartnarar ei julegåve med lokale smakar? Vel gåve og tal, eller send ein førespurnad dersom de ønskjer meir informasjon.

FRÅ PRODUKT TIL FERDIG GÅVE

Samarbeidet gjer det enkelt å velje lokalt

1

Produsntane

Dyrkar, fangar, lagar og foredlar varene i regionen.

2

Smak av Nordhordland

Kjenner produsentane og samlar lokale produkt.

3

Gløde

Samlar produkta og gjer gåvene klare.

4

Bedrifta di

Kan kjøpe fleire lokale produkt samla i ei gåve.

BESTILL ELLER KONTAKT OSS DIREKTE

Kva passar for dykk?

Vel kva gåver de ønskjer og fyll inn talet på kvar gåve. De kan bestille fleire ulike gåver i same skjema.
Fyll inn kontaktinformasjon og ønskja leveringsmåte. Bestilt transport vil gi ein ekstra kostnad.


E-POST

TELEFON

frukt@glode.no

960 98 506

Denne nettsida er utvikla av tilsette i tilrettelagt arbeid

Bildekreditering
Foto: Morten Sæle

Nettside: https://www.saele.no/

Ei julegåve frå Nordhordaland

Eit samarbeid mellom Gløde og Smak av Nordhordland.

@ 2026 Gløde – Alle rettar reserverte