Slik jobbar vi
Gløde kombinerer fagleg rettleiing, praktisk arbeidstrening og tett samarbeid med arbeidslivet. Målet er å skape meistring, utvikling og moglegheiter for menneske på veg mot arbeid, utdanning eller tilrettelagt aktivitet.
Tru på menneske og mogelegheiter
Vi trur at alle menneske har ressursar og noko å bidra med. Hos Gløde møter deltakarane respekt, forventningar og støtte til å ta nye steg.
Arbeid kan gi struktur, fellesskap, meistring og sjølvstende. Difor legg vi vekt på praktisk læring, trygge rammer og reelle arbeidsoppgåver.
Fag og arbeid i same hus
Gløde er organisert slik at rettleiing, opplæring og praktisk arbeidstrening heng tett saman. Vi har både fagpersonar som følgjer opp deltakarane, og arbeidsarenaer der deltakarane kan prøve seg i reelle oppgåver.
Dette gjer at vi kan tilpasse oppfølginga til den enkelte, samtidig som vi leverer tenester og produkt til kundar og samarbeidspartnarar.
Verdigrunnlaget
Alle kan delta
Alle kan utvikle seg
Alle kan gjere ein skilnad
Alle skal bli verdsatt
Alle skal oppleve meistring
Brei kompetanse
Kompetansen vår spenner frå arbeidsinkludering, karriererettleiing og tilrettelagt opplæring til praktiske fagområde som mat, service, logistikk, produksjon, drift og data.
Vi kombinerer formell fagkompetanse med lang erfaring frå arbeid med menneske, arbeidsliv og utviklingsprosessar.
Vi har kompetanse innan arbeidsinkludering, jobbstøtte, karriererettleiing, pedagogikk, helse- og sosialfag, praktiske yrkesfag, kvalitet, miljø og KHMS.








