AFT ved Gløde

Om AFT

~ Få trua på dine eigne ressursar ~

Tiltaket AFT (Arbeidsførebuande trening) har som hovudmål at du skal få trua på eigne ressursar og ferdigheiter.

Hos oss vil vi saman ha fokus på kva for moglegheiter du har til å nå målet ditt om å bli inkludert i arbeidslivet.

Ved Gløde AFT vil du få ein personleg rettleiar som vil vere din samarbeidspartnar på veg ut i arbeidslivet. Saman skal vi avklare og kartlegge yrkesmåla og ressursane dine, og du vil få rettleiing når det gjeld din vidare karriereutvikling og jobbsøkarprosess.

Kontaktperson for AFT: Avdelingsleiar Åshild Langeland

Tlf. 960 98 509ashild.langeland@glode.no

Gå til kontakskjema

Tilpassa oppfølging

~ Ekstern og intern arbeidspraksis ~

Rettleiarane våre har god arbeidslivskompetanse, og du vil til ein kvar tid få relevant og oppdatert informasjon om arbeidsmarknaden, yrker, jobbkrav og utdanning. Gjennom AFT får du også tilbod om arbeidsutprøving, arbeidstrening og opplæring.

Som hovudregel har AFT ein varigheit på inntil eitt år. Treng du meir tid, kan du få tiltaket forlenga i samråd med NAV med til saman inntil to år.

Vi har eit klart jobbfokus. Ordinært arbeid under ordinære vilkår er målet.

Du eig prosessen din fram mot arbeid.

Tilbodet du får skal vere målretta.

Du og NAV skal sitte igjen med ein meirverdi og eit resultat etter tiltaket.

Nytt tilbod i Gløde AFT:

Gløde Programmering

Eg vil vite litt om AFT