Jobb og utdanning

Gløde si hovudoppgåve er å få folk i jobb eller utdanning. Gjennom tiltak i Gløde kan du få avklart arbeidsevna di, avklart eit behov for utdanning eller auka kompetanse, karriererettleiing, hjelp til å lage planar, samtalar, samarbeid med helsetenesta, arbeidsutprøving og hjelp til å få og halde på eit arbeid.

Vi har eit godt nettverk av verksemder som vi samarbeidar med, og som tar inn kandidatar frå oss til utprøving og praksisplass. Ei utprøving kan ende med god jobbmatch og lønna arbeid.

Vi meiner det skal vere fullt mogeleg å nytte evnene sine i eit arbeidsliv sjølv om ein ikkje har full arbeidskapasitet.

Nedanfor har vi samla ein del digitale ressursar til bruk i samband med jobbsøk og utdanning.

CV Søknad Intervju
Gløde AFT Språkopplæring Inkludering

Arbeidsinkludering

Arbeidsinkludering handlar om å kunne delta i det ordinære arbeidslivet, sjølv om du har ulike utfordringar i livet.

Det kan vere du har helseutfordringar, sosiale utfordringar eller nedsett funksjonsevne. Kanskje du ikkje har fullført skulegong, er sosialhjelpsmottakar eller er ein etnisk minoritet.

Gløde kan vere ei støtte for folk som av ulike årsaker har falt utanfor arbeidslivet.

Vi kartlegg ressursane til kvar einskild og samarbeider med det ordinære arbeidslivet for å hindre utanforskap og for å bidra til eit inkluderande arbeidsliv.

Jobb og utdanning

Digitale ressursar

Arbeidsplassen

  • NAV si eiga teneste. Her kan du finne ledige stillingar og oppdatere CV og jobbprofil.

NAV – jobblyst

  • Her kan du få hjelp av NAV sine eigne jobbekspertar. Spesielt retta mot unge jobbsøkarar. Sjekk også ut Jobblyst på YouTube. Tips og triks kan du også finne på «navjobblyst» på Snapchat.

Finn.no

  • Du kan opprette ein brukar på finn.no og registrere CV. Her finn du oversikt over ledige stillingar i heile landet.

karriere.no

  • Du kan opprette profil og registrere CV. Profilen kan vere open, anonym eller usynleg. Her kan din profil matchas med ledige jobbar.

LinkedIn

  • Verdas største profesjonelle nettverk.

Jobb og utdanning i Nordhordland

  • «Jobb og utdanning i Nordhordland» (facebook)  er ei side som skal informere skuleelevar, lærlingar, arbeidssøkjarar og andre interesserte om jobb og utdanningstilbod.

Sammenlign utdanninger og yrker

  • Verktøy for sammenligning av utdanning og jobb

Samordna opptak

  • Her kan du søke opptak til universitet, høgskule og fagskule.

Utdanning.no

  • Sida inneheld informasjon og oversikt over utdanning og yrke. Har du mål om å ta fagbrev, vil du finne ut på kva måte du ta fagbrevet, og du finn også ein del verktøy for å kartlegge interessane dine.

Vilbli.no

  • Informasjon om alt som gjeld vidaregåande utdanning.

Søknadsfristar til høgare utdanning

  • Oversikt over viktige datoar når det gjeld utdanning.

Lærling – Vestland fylkeskommune

  • Det du treng å vite for å ta ei yrkesutdanning.

Utdanning og karriere

  • Alt om vidaregåande utdanning i Vestland fylke.

Lærebedrifter i Vestland

Utdanningsprogram vidaregåande utdanning

Hva skal jeg bli – og hvordan skal jeg bli det?

  • En podcast om å ta det riktige valget.