Alle fortener god karriererettleiing, uavhengig av bakgrunn eller utfordringar.
Dessverre får ikkje alle tilgang til dette viktige tilbodet. Men det er endringar på gong!
I eit nytt prosjekt leia av bransjeforeiningane ASVL og Arbeid & Inkludering, har ekspertar frå bransjen, og mellom anna vidaregåande skular, sett på korleis arbeidsinkluderingsbransjen kan tilby betre karriererettleiing til personar med lærevanskar og utviklingshemming.
Inspirert av FN-konvensjonen om rettigheitar til personar med nedsett funksjonsevne blir det no jobba for å sikre at alle får tilgang til gode og tilpassa rettleiing, uavhengig av funksjonsevne.
Gjennom kartlegging og utprøving er det identifisert behov for tilpassingar som betre skal møta behova til målgruppa. Det er også fokusert på nøkkelområde som etikk, kompetanse, samarbeid og karriereutvikling, slik det er skildra i det nasjonale kvalitetsrammeverket for karriererettleiing.
God karriererettleiing handlar om mykje meir enn å finne ein jobb. Det handlar om å sjå heile mennesket, med alt frå helse og skule til arbeid og økonomi. Ein heilskapleg tilnærming er nøkkelen!
Forsking på området viser at vellykka inkludering i arbeidslivet krev samarbeid og koordinering på tvers av ulike tenester og sektorar. Det handlar om å etablere tillit, om å samarbeide og om å meistre kvardagen saman.
Funna frå prosjektet kan samanfattast slik:
- Samarbeid er avgjerande! Vi treng samarbeid mellom ulike instansar for å sikre eit heilskapleg tilbod. Det er viktig å avklare ansvarsforhold og jobbe saman på tvers av sektorar.
- Start tidleg! Integrering av karriererettleiing i utdanningsløpet kan betre førebu personar på overgang til arbeidslivet.
- Praksisutprøving er effektivt! Å gi moglegheit for praktisk erfaring i arbeidslivet er viktig. Dette kan bidra til betre forståing av eigne ferdigheiter og interesser. Her kan også bruk av YFF (yrkesfagleg fordjuping) i vidaregåande skule vere av stor betydning for målgruppa.
- Verktøy må tilpassast! Ulike karriereverktøy er testa ut, men mange av dei etablerte verktøya treng tilpassing for å kunne vere nyttige for målgruppa. Det er behov for meir forsking og evaluering av dei karriereverktøya vi bruker i dag. Sjølv bildebasert verktøy treng tilpassing fordi dei er for lite konkrete for målgruppa.
- Kompetanseheving hos utøvande personale er nødvendig! Vi treng enno betre kompetanse for å møte behova til målgruppa. Dette inkluderer både karriererettleiarar og andre aktørar som jobbar med inkludering.
Bransjen har aktivt satt seg i førarsetet for å få til karriererettleiing for alle. Det må skapast ein trygg og god relasjon mellom rettleiar og individ – slik at kvar einskild kan fortelje si historie og ta aktive val for si eiga framtid.
Vi i Gløde heng oss på konklusjonen i rapporten og vil gjerne vere med på å skape ein meir inkluderande og effektiv karriererettleiing for alle.