Avklaring

Kontaktperson: Avdelingsleiar Tryggve Gran, tlf. 479 32 483tryggveg@glode.no 

Avklaring går føre seg i lokala våre i Knarvik, Hagellia 4.

Gå til kontaktskjema

Avklaring er tilbodet for deg som kanskje treng ny retning, men som er usikker på kva og korleis. Tilbodet passar og for deg som har ei utdanning eller eit yrke, men som ikkje lenger kan halde fram i det.

Kva må til for at du skal komme i arbeid? Treng du yrkesrettleiing, rådgiving, hjelp med CV, skrive søknad, eller få rettleiing i korleis du skal opptre i ein intervjusituasjon? Gløde har omfattande kompetanse på dette feltet, og du vil gjennom heile tiltaksperioden få relevant oppfølging, tilpassa deg og din situasjon.

Gjennom avklaringa fokuserer vi på deg, ressursane dine og ferdigheitene dine, og målet er at du skal avklare forholdet ditt til arbeidslivet. Saman med ein personleg rettleiar frå Gløde skal du finne ut om du t.d. treng vidare arbeidstrening, kvalifisering, utdanning og/eller jobb.

I alle våre tiltak legg vi vekt på brukarmedverknad og myndiggjering – det at du ved bruk av eigne ressursar opplever meistring og har kontroll og styring over eigen prosess.

Som hovudregel har avklaringstiltaket varigheit på inntil fire veker. Dersom det er naudsynt, kan tiltaket bli forlenga med inntil åtte veker.

Avklaring Yrkesveiledning Gløde AFT Språkopplæring Arbeidsinkludering

Eg vil vite meir om Avklaring

Gløde AS

Org nr: 963 399 243

Adresse

PB 97,
5906 Frekhaug

Kontakt

Telefon: +47 56 17 58 00
E-post: post@glode.no