Årets viktigaste frukost
Arbeidsinkludering er sosial bærekraft!
Med songen «Langt å gå» av gruppa «Klovner i kamp», opna Birger frå Knarvik Industri og Miljø «Årets viktigaste frukost».
Eigentleg går teksten rett inn i kjerna av problemstillinga:
Korleis kan vi saman fange opp dei som står på utsida?Korleis arbeide med utanforskapen?Korleis skape fleire tilrettelagte arbeidsplassar?
Krafta av samarbeid er verdifull.
Kanskje det er eit meir utstrekt samarbeid mellom sentrale partar som skal til for å gi fleire ein sjanse til i framtida å få ein lønnsslipp, vere med i eit jobbfellesskap, oppleve meistring og få auka livskvalitet?
Vekstbedriftene i Nordhordland – Aufera, Einekavane, Gløde, Kim og Opro – inviterte til frukostmøte med tema «Korleis gjer vi arbeid mogleg for flest mogleg» måndag 12. juni. Til stades var mellom anna politikarar, NAV og vidaregåande skule.
«Årets viktigaste frukost» vert arrangert av ASVL og medlemsbedrifter i fylka over heile landet 13 juni. Nordhordland tjuvstarta det heile. Frukosten rettar søkjelyset på at mange unge med tilretteleggingsbehov går rett ut i arbeidsløyse etter avslutta skulegong.
Men så hender det at for selv de beste menneskeneneAt det som før var lett og spennendene Har plutselig blitt et skrekk og skremmendene Det er da man trenger sine beste vennenene.
Det kan skje fleire av oss – at vi fell utanfor arbeidslivet. Andreas, som jobbar på Gløde, gjennomførte vidaregåande skule, var i militæret og hadde jobb som portør ved Haraldsplass. Heilt til han falt ut og var ute i fleire år. Noko som ikkje gjorde godt. Han kunne stå opp midt på natta og spørje om frukost. Han kunne sove 24 timar i strekk.
Ein dag kom han i kontakt med Gløde. Om han kunne tenke seg å jobbe her? Han kunne prøve, tenkte han. I lang tid prøvde han, og var nøgd om han kom på jobb og det var ein halv time att av arbeidsdagen. Arbeidsgivar derimot, var ikkje heilt nøgd. Mogeleg dette ikkje kunne gå?
Andreas starta å jobbe med seg sjølv, og etter kvart vart arbeidsdagane lengre og dei inneheldt meir enn før.
Så kom tanken om fagbrev. Han fullførte programfag for logistikk. Han skreiv lærekontrakt. Han er i dag ein ressurperson for Gløde. Han hospiterer i ordinært arbeidsliv.
Om eit år skal han opp til fagprøve. Om eit år vil han vere ein ressursperson for ein annan arbeidsgivar.
Tilrettelagte jobbar skapar meiningsfulle liv!
Meistring og livskvalitetFellesskapLønnsslipp og rettigheitar
Det er eit stort behov for tilrettelagte jobber i Norge. Regjeringa sine eigne tal seier at det er behov for minst 1000 nye jobber årlig. Bevilgninga for 2023 er 250 nye jobbar.
Fleire må få same moglegheit som Andreas no når norsk næringsliv skrik etter arbeidskraft.
Arbeidsinkludering er sosial bærekraft!
Bilete: Screenshot frå avisa Strilen (12. juni 2023). Fotograf: Henrik Hauken