Gløde AS
Org nr: 928 131 157
Adresse
PB 97,
5906 Frekhaug
Kontakt
Telefon: +47 56 17 58 00
E-post: post@glode.no
Hos Gløde ser vi på grunnleggande ferdigheiter som nøkkelen til deltaking, læring og meistring – både i arbeidslivet og i kvardagen.
Desse ferdigheitene legg grunnlaget for å kunne lære, kommunisere og bidra aktivt i samfunnslivet.
Grunnleggande ferdigheiter omfattar:
Lesing
Skriving
Rekning
Munnlege ferdigheiter
Digitale ferdigheiter
Vi hjelper deltakarar med å styrkje desse områda gjennom rettleiing, praktiske øvingar og individuelt tilpassa oppfølging.
Å kunne lese handlar om å skape meining i tekst, forstå innhald, og få innsikt i andre sine erfaringar og perspektiv.
God leseforståing gjer det lettare å delta aktivt i både arbeidsliv og samfunn.
Gjennom skriving lærer du å uttrykkje deg klart og forståeleg, dele eigne tankar og planleggje ulike typar tekstar – frå e-post og søknadar til faglege tekstar.
Rekning handlar om å kunne bruke matematiske omgrep og metodar til å løyse praktiske problem.
Dette gir tryggleik i situasjonar der ein må rekne, samanlikne eller vurdere tal og mengder – noko som er nyttig i dei fleste jobbar.
Å kunne lytte, forstå og formidle tankar tydeleg er ein viktig del av kommunikasjon.
Gjennom trening i samtale, drøfting og refleksjon får du utvikla evna til å uttrykkje deg i møte med andre – både i arbeid og utdanning.
Digitale ferdigheiter handlar om å bruke teknologi på ein trygg og kreativ måte:
å hente og behandle informasjon, samarbeide digitalt, og ha gode strategiar for bruk av nettet.
Dette er ein avgjerande kompetanse i dagens arbeidsliv.
For deltakarar som treng ei meir omfattande kartlegging, nyttar Gløde verktøya «Rådgiveren» og «Veilederen» frå Netped.
Desse verktøya hjelper oss å finne styrkar, utviklingsområde og behov for vidare læring – slik at opplæringa blir målretta og nyttig for deg.
Du får tilbod om kartlegging gjennom din rettleiar dersom dette er eit hensiktsmessig tiltak for deg.
Click here to add your own text