Mestring og motivasjon

Felles for alle som kjem i kontakt med Gløde, er at dei skal bli sett og høyrd. Bak dei to orda ligg det mange tankar og mykje arbeid med relasjonskompetanse. Teoretisk forankra, men det viktigaste av alt: ekte.

I Gløde har vi ei tru på at nå alle blir akseptert for den dei er, når ein trivast og kan bruke sine ressursar, så vil alle kunne gjere ein skilnad. Alle kan.

Kvar av oss er ei viktig brikke i det totale puslespelet.

Gløde Lager Logistikk Praksisarena

Å mestre livet

”Å utvikle ferdigheter og tilegne seg praktisk kunnskap som hjelper den enkelte til å håndtere medgang, motgang, personlige utfordringer, alvorlige hendelser, endringer og konflikter på en best mulig måte. Å skape en trygghet og tro på egne evner til å mestre også i fremtiden.” (Prebensen & Hegestad, LNU, 2017)

Dette er ein definisjon av «livsmestring», «faget» som no er tatt inn i skulen.

Livsmestring er eit aktivitetstilbod i Gløde, individuelt eller i lita gruppe. Tilbodet skal gi innsikt i korleis kvar av oss skal kunne mestra livet på ulike plan for å kunne delta i arbeid og andre felleskap i samfunnet.

Nedanfor har vi samla ein del digitale ressursar du kan bruke i samband med motivasjon og mestring.

Mestring og motivasjon

Digitale ressursar

På jobben

Podcasten «På jobben» handlar om livet på jobb. Saman med ulike gjestar utforskar programleiaren korleis vi kan skape ein betre kvardag på jobb.

Psyko’praten

Podcast om kvardagspsykologi.

Mentaltrener Podcasten

Her kan du lære nytt og nyttig stoff, få inspirasjon og ein god historie.

Motiverende Intervju

En podcast om motivasjon og endring.

Vår psykiske helse – Livsmestring

Rådet for Psykisk helse – små videosnuttar

Filmane er korte, dei har et enkelt språk og ein positiv vinkling på 5 enkle grep for auka kvardagsglede og betre helse.

Fearless Mind – podcast

Mental trening med Anja Hammerseng-Edin.

Trond Haukedal AS

Små videosnuttar på Trond Haukedal si facebookside. Til dømes om indre motivasjon, relasjon og kommunikasjon.