Frå gamle dagar
Kva endrar seg på 10 år?
Folk kjem til og folk fell frå. Folk som var yngre, vert eldre.
Gløde var ikkje Gløde for 10 år sidan. Då var Gløde ikkje påtenkt, og dei to verksemdene som til slutt vart Gløde, levde sine eigne liv på Frekhaug, Mjåtveit, Olsvollstranda og Eidsvåg.
På Frekhaug og Mjåtveit levde MAKS – Meland Arbeidssenter. Det hadde dei gjort sidan 1985.
I 2012 feira dei mykje i MAKS, ser det ut til. I alle fall hadde dei både julebord og aktivitetsdag, og fleire fekk blomar og fruktkorger.
MAKS sin utvikling som eiga verksemd starta i 1985. Nedanfor finn de ei oversikt over viktige hendingar fram til 2012.
1985 Etablering av 2 kommunale arbeidsplassar kombinert med vaksenopplæring
1987 Stiftinga flytta inn i eigne lokal på Frekhaug kai.
1991 Omgjort til AS med 54% kommunal eigardel, resten fordelt på organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar
1993 Tiltaket blei godkjend som statleg tiltak med 10 plassar, (statleg og kommunal stønad.)
1993 Meland Arbeidssenter tek i bruk nybygg på Frekhaug senter.
1996 Tiltaksarrangør av tiltaket Arbeid med bistand
2003 Tiltaksarrangør av Arbeidspraksis i skjerma verksemd (APS)
2006 Oppstart av jobb- og skulefrukt
2007 Etablerer lager i industribygg på Mjåtveit.
2007 Nybygg på 640 m2 står ferdig – Kantina, kjøkken, kontor, møterom
2008 Utviding av industribygg på Mjåtveit: Lager og pakkeavdeling
2009 Overtek tiltaket: Byggeplassen og Tømrarlaget
2010 Overtek resten av industribygg på Mjåtveit. Arbeid med bistand flytter dit og ein
sykkelverkstad i første etasje
2010 Equass og Achilles sertifisering
2012 170 tiltaksplassar
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!