Gløde + Miljøfyrtårn = Sant
Å oppnå status som Miljøfyrtårn har vore eit veldig viktig steg for Gløde, sa dagleg leiar Bjørn-Arild Herfindal i ei tilstelling på Frekhaug fredag 24. juni. I kantina var det dekka på til kakefest, men før kaka kunne etast, var det tale av ordførar i Meland med påfølgande overrekking av diplom frå Stiftelsen Miljøfyrtårn.
Vi har vore veldig opptatt av å få markert dette på skikkeleg vis fordi det har vore eit stort løft der det har vore jobba godt. Det er på mange måtar no startskotet går, sa Herfindal, før han ga ordet vidare til ordførar Øyvind Oddekalv.
Oddekalv gratulerte Gløde med utnemninga som Miljøfyrtårn og overrekte blomar og diplom. No er Gløde ein av 6012 sertifiserte Miljøfyrtårnbedrifter i Norge, men berre ein av 4 i Meland. Her er frå før Byggrengjøring (MrClean), Espira Marthahaugen Barnehage og Rådhuset sertifiserte Miljøfyrtårn. Oddekalv framheva at dette var ein eksklusiv klubb, men at det var plass til langt fleire i klubben.
Eg veit dette har vore ein krevande prosess, sa Oddekalv. Som tidlegare rektor ved Knarvik vidaregåande skule måtte han følgje opp eit vedtak frå Hordaland fylkeskommune om at alle avdelingar i fylkeskommunen skulle miljøsertifiserast. Det var i 2013/14 dei kom i mål med dette, og han hugsar det som ein svær prosess der prosjektleiar, assisterande rektor, visstnok fekk nokre ekstra grå hår.
Miljøfyrtårn er ein nasjonal miljøsertifiseringsordning drifta av Stiftelsen Miljøfyrtårn. Denne stiftinga blei opprette i 2003, men har sitt utspring i Kristiansand der ein allereie i 1997 tildelte det første Miljøfyrtårn-diplomet. Miljøfyrtårn er den mest kjende og anerkjende utmerkinga som viser at ein som verksemd set berekraft og miljø i fokus.
På sikt vil dei som tar dette steget få eit konkurransefortrinn fordi folk vil legge merke til det, og berekraft og miljø blir meir og meir viktig i samfunnet vårt. Dei 17 berekraftmåla til FN kjem etter kvart inn i alt planarbeid i kommunane og er noko ein må strekke seg etter. Oddekalv meiner det er viktig at Gløde har dette på plakaten, og som representant frå den største eigaren av Gløde er han stolt av kva verksemda hår fått til i samband med sertifiseringa.
Han trakk fram at ei Miljøfyrtårnsertifisering er særleg viktig no når Nordhordland denne veka har fått status som det første Unesco Biosfæreområdet i Norge. Her er berekraft og god samfunnsutvikling i fokus, og då passar statusen som Miljøfyrtårn fint inn i dette mønsteret. For skal ein lukkast med dette som område og som kommunar, må alle som bur her, og bedrifter, bidra med sitt inn i arbeidet.
Sertifiseringa som Miljøfyrtårn er starten på ein vidare prosess. Gløde har forplikta seg til ein god del mål verksemda må strekke seg etter. Resertifiseringa om tre år har strengare krav. Då er det forventa betre resultat på ulike felt. Det er ikkje slik at no er ein sertifisert og kan lene seg attende. No har Gløde sagt ja til ein del ting bedrifta heile tida må jobba med.
Arbeidet med Miljøfyrtårn tok til hausten 2018 etter eit styrevedtak. Gløde hadde då ein person med eit stort miljøengasjement i ein arbeidspraksis innanfor kontor- og administrasjon. Arbeidet med å få Gløde til å tenke meir miljøvenleg blei starta av denne personen, men etter at vedkommande slutta og starta i jobb annan plass, overtok administrasjonen ved Thomas Knudsen, Terje Crowo og Bodil Skauge Lundøy dette arbeidet. Det har også vore ein dugnadsjobb der alle avdelingar har vore involvert.
I mars var bedrifta i mål og blei sertifisert. Så no er «Gløde + Miljøfyrtårn = Sant». Det er eit slags kjærleiksforhold, ifølge Terje Crowo, som hadde laga ein presentasjon som viste delar av arbeidet frå start til mål. Crowo presiserte at bedrifta no står framfor det viktigaste arbeidet; det er no Gløde skal vise at dei er ein god representant i miljøarbeidet. Eit poeng for Crowo er at miljøarbeid handlar om samarbeid. Vi skal ikkje berre tenke Miljøfyrtårn når vi er på jobb; vi skal ta dei same tankane med oss heim. Saman kan vi skapa eit betre og meir miljøvenleg samfunn.
Kva har Gløde gjort i samband med sertifiseringa
– Gløde har fått ein eigen miljøpolicy som seier kva vi skal forplikte oss til
– Innkjøpsrutinar er endra. Vi skal kjøpe meir miljøvenlege produkt og vi skal tenke over kva vi produserer og korleis vi produserer det
– Ny avfallsinstruks
– Utplassering av ulike sorteringsspann til boss. Vi skal ha minst mogeleg restavfall. Dette skal vi bli kjempegode på!
– Vi har 4 El-bilar
– Vi har kjøpt varebil med ny motorteknologi
– Vi har etablert eit gjenbruksprosjekt
Kva gjer Gløde framover?
– Vi skal kvart år levere ein miljø- og klimarapport
– Vi skal jobbe for å få eit enno betre arbeidsmiljø
– Vi skal redusere restavfallet
– Vi skal tilby økologisk mat
– Vi skal redusere energiforbruket
– Vi skal kjøpe meir miljøvenlege produkt
– Vi skal påverke dei vi handlar med om å tenke meir miljøvenleg
– Vi skal spreie den gode Miljøfyrtårn-bodskapen
Sertifiseringskriterium
Miljøfyrtårn har tilpassa kriterium for 80 ulike bransjar. Dette gjer at ordninga passar for alle typar verksemder, frå dei små bedriftene til dei større konserna og kommunane. For å bli sertifisert må verksemdene oppfylle grunnleggande felles kriterium, kriterium frå byggeigar/leigetakar og bransjekriterium.