Sikker sletting
Du tømmer papirkorga på PC-en. Du sletter bilder frå mobilen.
Så er fila borte.
Ikkje akkurat.
Det ligg der framleis, med lett tilgang via eit opprettingsprogram.
Kanskje har du ein laptop eller fleire, eit nettbrett eller ulike årgangar mobiltelefonar som ligg i skuffar og skåp. Desse vil alle potensielt kunne innehalde personopplysningar som er konfidensielle. For verksemder underlagt sikkerhetslova og personopplysningslova er det særskilde krav. Det å ha etablerte rutinar for korlies data skal slettast er difor viktig.
Det er utfordrande å handtere data på gamle lagringsmedier. Har de ikkje sikre sletteløysingar for utfasing av gamalt utstyr, kan de risikere bøter etter EU sitt GDPR regulativ, eller risiko for at sensitive data kjem på avveie.
Gløde tilbyr no ei pakkeløysing på henting av gamalt IT-utstyr enten for bedrift eller
privatkundar. Vi driv med avfallshandtering og ikkje minst sikker sletting av alle typar
lagringsmedier.
Vi har utstyret som trengs for å sikre at alle data på dine gamle einingar blir sletta på sikkert og godkjend vis.
Det er Nasjonal Sikkerhetsmyndighet som lager retningsliner for sikker sletting, og Gløde AS føl desse
retningslinjene. Etter utført sletting får du som kunde tilsendt slettebevis med serienummer på eininga som er sletta.
Gløde samlar inn, sletter eller destruerer lagringmediet enten i vår Intimus 8000 degausser (for eldre medier med magnetfelt) eller i vår nye Intimus FlashEx Schredder som maler opp einingane til små partiklar som ikkje er større enn 4 x 4 mm. Vi kan også slette med software dersom det er aktuelt med gjenbruk av lagringsmediet.
Denne pakkeløysinga er samla i Gløde Data, som også er eit arbeidsområde for tiltaksdeltakarar frå NAV. I Gløde Data vil deltakarar i tiltaket AFT få grunnleggande kunnskapar i IKT-Servicefaget.
Ta kontakt med oss for meir informasjon. Sjå prisar for tenesta her.