I 2016 var så og sei alle aksjehaldarar til stades. Ordførarar. Varaordførarar. Representant for fylkeskommunen. Storaksjonærar. Småaksjonærar.
Vi feira med ballongar og tapas.
No – 5 år etter – bør vi reflektere litt over åra som har gått, arbeid vi har gjort, arbeid vi har framfor oss, tida vi er i.
Da vi slo oss saman var vi to solide bedrifter som begge over fleire tiår hadde jobba med arbeidsinkludering. Vi blei plutseleg ei stor bedrift, og vi gjorde dette for å bli sterkare i konkurranse med andre aktørar. For arbeidsinkluderingsbransjen er ikkje slik den var da, på midten av 1980 talet, da begge verksemdene såg dagens lys.
Med kompetanse og musklar ønska vi ei utvida portefølje. Over tid har vi hatt det.
Sommaren 2020 blei likevel eit vendepunkt for oss då vi måtte avslutte etter fire år med dei anbodsutsette tiltaka Avklaring og Oppfølging. Begge tiltaka hadde følgd oss over fleire år, før fusjoneringa, da som Avklaring og Arbeid med bistand. Da begge tenestene blei ein del av dei offentlege anskaffingane, fekk vi tilslaget og kunne levere tilbodet over store delar av Hordaland.
Men alt har si tid, og fleire leverandørar er på ballen. 2020 blei eit år med avslutningar og oppsigelsar, og Gløde er ikkje like stor som vi var februar 2016, med den gong over 100 tilsette (ordinært tilsette og varig tilrettelagte arbeidsplassar) og 250 personar på ulike arbeidsretta tiltak.
Ikkje like stor, men vi har framleis musklar. Og dei vert trent opp, dagleg. Vi har framleis mykje ugjort innan arbeidsinkludering.
Vi gratulerer oss sjølv med dagen som var, og tenker at vi får feire på eit vis. Corona har gjort at vi i eit år ikkje har kunne samla heile verksemda. Kanskje vi i løpet av våren får møtast, feira, flagga, ete kake, ei pølse.
Som femåringar flest synast også vi at det er gøy med bursdag.