Medlem av Voss IL
Alle barn som trener aktivt i Symjegruppa må vera medlem i Voss IL. Innmelding på nettsida til Symjegruppa www.vossil-symjegruppa.no, øverst på sida.
Interesse for symjekurs for eldre barn? Sjå heimesida til Voss IL Symjegruppa for meir informasjon
Voss IL – Symjegruppa har òg ei Facebookside
Alle barn som trener aktivt i Symjegruppa må vera medlem i Voss IL. Innmelding på nettsida til Symjegruppa www.vossil-symjegruppa.no, øverst på sida.
Alle som går på trening i Vossabadet må ha årskort. Symjarar på organisert trening i regi av Symjegruppa får 40% på årskort (1500,- for born, 1800,- for ungdom og 2700,- for vaksne)
Oversikt over treningsparti og treningstider finn de på www.vossil-symjegruppa.no
3-8 mnd
Har du ein fersk liten krabat som du vil ta med ut for å utforske det våte element? Då er Vossababy 1 det riktige kurset for dykk! Her er det vasstilvenning og positive assosiasjonar til vatn som er hovudmålet. Foreldre lærer å halda borna i trygge grep, og borna får lære å symje under vatn.
Timen er i opplæringsbassenget som held 33 grader. Før de tek til på kurset, kan de gradvis venne babyen til ein badetemperatur mot 33 grader.
Runde 1: Tysdag 15 . januar
Runde 2: Tysdag 12. mars
13.00-13.30
7 veker á 30 min
Runde 1: Tysdag 26. februar
Runde 2: Tysdag 30. april (ingen kurs i veke 14)
Pris: 1600,-/per born, inkl. to vaksne. Påmelding er bindande.
6-12 mnd
Det er stor forskjell på små babyar og litt større born når det kjem til både kognitive og motoriske eigenskapar. Dette er kurset for dei små som er nysgjerrige på vassleik, men med stort fokus på tilvenning i vatn og bergingsteknikkar. Kurset anbefalast som eit vidaregåandekurs for babyar som har vore gjennom Vossababy 1 frå før, eller for babyar som har noko erfaring med vatn frå før.
Timen er i opplæringsbassenget som held 33 grader. Før de tek til på kurset, kan de gradvis venne babyen til ein badetemperatur mot 33 grader.
Runde 1: Tysdag 15. januar
Runde 2: Tysdag 12. mars
13.30-14.00
7 veker á 30 min
Runde 1: Tysdag 26. februar
Runde 2: Tysdag 30. april (ingen kurs i veke 14)
1600,-/per born, inkl. to vaksne. Påmelding er bindande.
10-24 mnd
Når babyen har fått tid til å utvikle seg, kanskje ta sine første steg og prate litt, vil behovet for nye utfordringar melde seg. Det er eit stort aldersspenn i denne gruppa, men ein ettåring som har bada mykje og ein toåring som er ny i gamet kan ofte ha tilsvarande behov. I dette kurset vert det lagt opp til mykje leik og moro.
Timen er i opplæringsbassenget som held 33 grader. Før de tek til på kurset, kan de gradvis venne babyen til ein badetemperatur mot 33 grader.
Runde 1: Måndag 14. januar
Runde 2: Måndag 11. mars
16.30-17.00
7 veker á 30 min
Runde 1: Måndag 25. februar
Runde 2: Måndag 29. april (ingen kurs i veke 14)
1600,-/per born, inkl. to vaksne. Påmelding er bindande.
2-4 år
Dei litt større borna lærer viktige sjølvbergingsprinsipp, bruker bassengkanten aktivt og kan dykke etter leikar. Nokre av borna er klare for å lære enkle symjeprinsipp, som for eksempel ryggsvømming og crawl. Læring gjennom meistring og leik er eit viktig fokusområde i denne aldersgruppa.
Timen er i opplæringsbassenget som held 33 grader.
Runde 1: Måndag 14. januar
Runde 2: Måndag 11. mars
17.00-17.30
7 veker á 30 min
Runde 1: Måndag 25. februar
Runde 2: Måndag 29. april (ingen kurs i veke 14)
1600,-/per born, inkl. to vaksne. PÅmelding er bindande.
Eit kurs for både nybyjarar og vidarekomne
Har du lyst til å lære å symje crawl? Eller finpusse på teknikken du allereie kan? Dette kurset tilpassast ditt behov, og våre instruktørar gir alle deltakarar tett oppfølging. Oppstart allereie måndag 3. september, med kurs kvar måndag i sju veker.
Gruppa møter trenarane ved kanten av 25-metersbassenget klokka 19.30. Instruktørane har eit skreddersydd opplegg for dykk.
Ta med symjebriller og badehette om du har. Me har dette for sal i butikken.
Runde 1: Måndag 3. september
Runde 2: Måndag 29. oktober
kl 19.30-20.30
Sju veker á 1 time
Runde 1: Måndag 22. oktober (ingen kurs i veke 41)
Runde 2: Måndag 10. desember
1400,- (1000,- med årskort). Påmelding er bindande.
Org nr: 928 131 157
PB 97,
5906 Frekhaug
Telefon: +47 56 17 58 00
E-post: post@glode.no