Inspirasjon-motivasjon-meistring

Vi treng alle å bli inspirerte og motiverte – spesielt når vi står midt i endringar, utfordringar eller nye mål.
Hos Gløde ønskjer vi å støtte deg på vegen mot arbeid, utdanning og personleg utvikling.

Motivasjon handlar om å finne drivkrafta som får deg til å halde fram, og meistring handlar om å oppleve at du får det til – steg for steg. Når du kjenner på meistring, kjem også trua på eigne evner, og då blir vegen vidare lettare å gå.

Få påfyll av inspirasjon

Nedanfor finn du ei samling av lenker og ressursar med motiverande og inspirerande innhald – alt frå korte filmar og foredrag til artiklar og samtalar.
Kanskje finn du akkurat den motivasjonen som hjelper DEG vidare?

Ta deg tid til å utforske, reflektere og hente påfyll. Små dosear av inspirasjon kan gjere stor forskjell – både i kvardagen og på vegen mot nye mål.