Ti år med Gløde
Ei reise i arbeidsinkludering
I 2016 vart Gløde etablert i ei tid prega av store endringar i attføringsbransjen. Fusjon, nye krav og nye forventningar la grunnlaget for ei reise som skulle bli både krevjande og lærerik. Til grunn for fusjonen låg eit ynskje om å stå sterkare og større. Meland arbeids- og kompetansesenter/MAKS og Nordhordland Industriservice/Back to Business slo seg saman, to likeverdige, men likevel ulike partar, med samme samfunnsoppdrag: Jobbe for eit inkluderande arbeidsliv, sikre økonomisk tryggleik og fremje overgang til arbeid og utdanning.
Dei første åra handla om å byggje struktur og kvalitet. Vi utvikla nye tiltak, etablerte samarbeid og skapte arbeidsarenaer som kunne gi deltakarane meistring og utvikling. Etter kvart vart kvalitetsarbeidet meir systematisk, og vi såg kor viktig rett deltakar i rett tiltak er.
Pandemien sette oss på prøve. Aktivitetar stoppa opp, praksisplassar forsvann, og kvardagen måtte tilpassast raskt. Likevel stod samfunnsoppdraget fast. Vi fann nye løysingar, utvikla nye arbeidsområde og heldt fram med å gi tilbod til dei som trong det mest.
Dei siste åra har Gløde teke eit nytt steg. Kompetanse, metodikk og overgang til arbeid og utdanning er blitt endå tydelegare. I dag jobbar vi meir målretta enn nokon gong, utan å miste blikket for mennesket bak tiltaka.
Vi må aldri miste hjartet vårt og den trua vi ha på inkludering og tilrettelegging!
Ti år etter oppstarten står Gløde stødigare, klokare og meir framtidsretta. Og vi veit éin ting sikkert: dette arbeidet skal vi halde fram med, i eit godt samarbeid med NAV, eigarar og næringsliv.
Bildekreditering: Fotograf Morten Sæle








