Oppfølging

Kontaktperson: Avdelingsleiar Tryggve Gran, tlf. 479 32 483, tryggveg@glode.no

Gløde tilbyr Oppfølging i Nordhordland (Hagellia 4, Knarvik) og i Bergen sentrum (C Sundsgate 51).

Gå til kontaktskjema

Oppfølging er tilbodet Gløde har for deg som treng støtte for å skaffe deg eller halde på arbeid, og som i ein periode har behov for tett oppfølging.

Tilbodet du får skal vere individuelt tilpassa dine behov. Dette inneber at du sjølv er ein aktiv part gjennom heile prosessen; frå å utarbeide aktivitetsplan, til å ta del i ulike aktivitetar, og til å ha påverknad i dei ulike vala du vil stå ovanfor.

Gløde Kompetanse Oppfølging
Nettverk Bransjer Yrkesveiledning

Ein personleg rettleiar med god kompetanse på arbeidsmarknaden, arbeidsinkludering, jobbsøk, intervjutrening m.m. vil vere din støtte i den perioden du er ved Gløde.

Målet med tiltaket er at du skal bli aktuell for inntektsgivande arbeid, og at dette skal vere ønska resultat etter gjennomført tiltak.

Gløde har eit stort nettverk innanfor dei fleste bransjar, og du vil difor kunne få relevant og oppdatert informasjon om arbeidsmarknaden, yrker, jobbkrav og utdanning.

Varigheit på tiltaket er inntil 6 månader med moglegheit for forlenging.

Eg vil vite meir om Oppfølging

Gløde AS

Org nr: 963 399 243

Adresse

PB 97,
5906 Frekhaug

Kontakt

Telefon: +47 56 17 58 00
E-post: post@glode.no