AFT Grønt Arbeid

Gå til kontakskjema

Grønt Arbeid Træland Gard

Rettleiar Grønt Arbeid

Grønt arbeid er eit arbeidstreningstilbod på gardsbruk, og er ein variant av tiltaket Arbeidsførebuande trening (AFT).

Gløde har eit samarbeid med Træland Gard om dette tilbodet. Garden ligg på Hundvin i Lindås kommune, 20 km frå Knarvik (mellom Knarvik og Mongstad).

Målgruppa for tiltaket er personar med psykiske og/eller rusrelaterte helseproblem.

Grønt arbeid er eit fleksibelt og individuelt tilrettelagt arbeidstreningstilbod der du som deltakar skal oppleve ei kjensle av tryggleik, trivsel og meistring. Målet med tiltaket er å styrke moglegheitene du har for å komme i arbeid eller aktivitet, og å bidra til betre helse og auka livskvalitet. Arbeidsoppgåver og aktivitetar vert tilpassa individuelle forutsetningar, ønskje og behov.

På Træland Gard får deltakarane reell arbeidstrening med utgangspunkt i arbeidsoppgåver på gardsbruket. Dette kan kombinerast med andre aktivitetar, t.d. behandling, sosialfagleg oppfølging eller kurs. Det vert lagt vekt på brukarmedverknad, myndiggjering, aktiv deltaking og meistring.

Varigheita på tiltaket er inntil eitt år med mogeleg forlenging i samråd med NAV.

For meir informasjon kan du bruke kontaktskjema eller ta direkte kontakt med gardbrukarane og arbeidsleiarane Rolf Vabø, tlf. 979 74 933 eller Solveig Laumark-Møller, tlf. 913 01 601. E-post: Tralandgard@gmail.com. Innsøking skjer via lokalt NAV-kontor.

Kontaktperson ved Gløde: Avdelingsleiar Vibeke Prestmo Valestrand, tlf. 483 11 275vibekev@glode.no

Eg vil vite meir om AFT Grønt Arbeid

Gløde AS

Org nr: 963 399 243

Adresse

PB 97,
5906 Frekhaug

Kontakt

Telefon: +47 56 17 58 00
E-post: post@glode.no