Frukt

Gløde har pakking av jobbfrukt for BAMA. Vi leverer om lag 400 fruktkorger kvar veke til bedrifter i Nordhordland og Bergen. I tillegg pakkar vi skulefrukt til skular i Nordhordland, Bergen og Askøy.

Fruktavdelinga er ein arbeidsarena for VTA og kommunale tiltak, enklare avklaring av arbeidsevne, og som del av eit koordinert opplæringstilbod for AFT-deltakarar innanfor lager og transport.