Miljøarbeid

Dette arbeidsområdet passar for deltakarar i tiltaket arbeidsførebuande trening (AFT) som har interesse for og ynskjer seg inn i eit arbeid innanfor til dømes helsefag, vernepleie og som miljøarbeidar.

I hovudsak vil ein få opplæring inn mot det miljøterapeutiske området for personar som treng eit aktivitetstilbod på dagtid.

Dei som vel å ha arbeidsutprøving her, må ha stor interesse for å utøve slikt arbeid. Du får jobbe med ulike menneske i ulike aldrar, med ulike behov og med ulike utfordringar.

Arbeidsoppgåvene vil vere å hjelpe til i dei daglege aktivitetane og gjeremåla brukargruppa ( i hovudsak i tiltaket Kommunal Varig tilrettelagt arbeid ) har ved Gløde AS.

Dette kan og vere ein praksisarena for elevar i vidaregåande skule innan helsefag/barne- og ungdomsarbeidarfag (YFF), samt for studentar i vernepleie, sjukepleie og sosialt arbeid.

Gløde Miljøarbeid