Kvalitetssikring

EQUASS
Gløde vart resertifisert i Equass juni 2017.

Equass Assurance er eit europeisk system for kvalitetssikring av velferdstenester med ekstern revisjon og sertifisering. Det gir tenesteleverandør i velferdssektoren høve til å sikre kvaliteten av tenestene ovanfor deltakarar og samarbeidspartar. Den sertifiserte leverandøren av velferdstenester skal drive verksemda i tråd med 10 overordna prinsipp, og det vert stilt 100 ulike krav til verksemder som ønsker å sertifisere seg.

Gløde AS har kontinuerleg fokus på kvalitet, rutinar og prosedyrar i tråd med tilbakemelding frå Equass.

ACHILLES JQS
I samband med inngåing av service-, lager og transportavtale med Statoil Mongstad, vart verksemda godkjent/sertifisert i Achilles JQS.

Sjølv om oppdraget mot Statoil er avslutta, har vi vald å oppretthalde sertifiseringa kvart år.

For å oppnå kvalifikasjon må vi svara på obligatoriske spørsmål knytt til HMS, og ha implementert og dokumentert eit kvalitetssystem i samsvar med internasjonal standard EN ISO 9001 serien eller tilsvarande standard.

Vi vart første gang godkjent 18. mai 2010, og har sidan blitt resertifisert i mai månad kvart år.

Gløde AS

Org nr: 963 399 243

Adresse

PB 97,
5906 Frekhaug

Kontakt

Telefon: +47 56 17 58 00
E-post: post@glode.no