ISO 9001:2015

1. Gløde skal til ei kvar tid levere tenester og produkt av høg kvalitet, til rett tid, og til markedspris.

2. Gløde skal levere tenester og produkt som oppfyller aktuelle
krav frå kundar, interesseparter og myndigheiter.

3. Gløde skal ha individet i fokus og sikre stor grad av brukemedvirkning i oppfølgingsarbeidet.

4. Gløde skal levere oppfølgingstenester av høg kvalitet, som har som mål å gje den einskilde betre livskvalitet.

5. Gløde skal utvikla og utvida samarbeidet med kundar og samarbeidspartar.

6. Gløde skal ha eit godt arbeidsmiljø og ei drift som ikkje skadar menneske eller miljø.

7. Gløde skal ha kompetente medarbeidarar i alle ledd og utvikla og tilpassa vår organisasjon for å nå desse mål.

8. Gløde skal kontinuerleg utvikle og betre våre varer og tenester.

Kvalitetsledelse i Gløde er basert på ISO 9001:2015-standarden. Dette krev at Gløde skal etablere, implementere, vedlikehalde og kontinuerleg forbedre eit styringssystem for kvalitet, samt skildre kva for prosessar som inngår og korleis dei har innverknad på kvarandre. Kvalitetspolitikken i Gløde skal vere levande og til ein kvar tid vere tilgjengeleg for alle tilsette, kundar og interessepartar.

Gløde er godkjend etter ISO-9001-standarden 27.09.2019. Oppfølgingsrevisjonar skal deretter skje årleg fram til neste resertifisering.

kiwa_9001

Kundane våre skal til ei kvar tid oppleve samsvar mellom det deira krav og forventningar er, og det produktet dei mottar frå oss.