Historien

Gløde har røter i to verksemder i Nordhordland: Nordhordland Industriservice AS (NIS), som hadde hovudbase i Radøy kommune, og MAKS Arbeids og Kompetansesenter AS, som hadde sine lokale på noverande administrasjonsadresse.

Begge verksemdene blei oppretta for å vere til hjelp for ulike grupper i samfunnet og deira plass i arbeidslivet.

NIS starta opp i 1985 og var i starten ein  industriverksemd med arbeidsmarknadstiltak retta mot industrien. Frå slutten av 1990-talet starta ein i tillegg opp Back to business i Eidsvåg med ulike tiltak og kurs for å hjelpa folk ut i ordinært arbeid.

Gløde Kantine Arbeidsinkludering Mestring
Gløde Veiledning Avklaring JobPics

MAKS starta i 1986 og var i starten ei verksemd for personar som hadde trong for varige tilrettelagt arbeidsplassar.

Frå midten av 1990-talet fekk verksemda formidlingstiltak for å hjelpa folk som trengte støtte for å koma ut i ordinært næringsliv. Etter kvart fekk verksemda også tiltak for å avklare arbeidsevna og gje arbeidstrening.

I 2014 starta samtalane mellom dei to verksemdene om å gå i lag for å stå sterkare i regionen, og i februar 2016 blei det etablert felles verksemd med lokasjonar i Meland, Lindås, Radøy og Bergen.

Avdeling Industriservice på Radøy blei lagt ned i 2017.

I 2016 vant Gløde saman med to andre verksemder anbodstiltaka Avklaring og Oppfølging som vert drifta frå våre lokasjonar i Knarvik og Bergen.

Jamt og trutt har Gløde hatt vekst både i tiltaksportefølje i tal på deltakarar, produksjonsområde, i omsetnad og i tal på ordinært tilsette.

I dag står Gløde godt rusta med mykje kompetanse og erfaring innan tilrettelegging, avklaring og formidling, samt kompetanse innan produksjon og sal av ulike produkt og tenester.

Gløde AS

Org nr: 963 399 243

Adresse

PB 97,
5906 Frekhaug

Kontakt

Telefon: +47 56 17 58 00
E-post: post@glode.no