Vår historie

Gløde har røter i to verksemder i Nordhordland: Nordhordland Industriservice AS (NIS), som hadde hovudbase i Radøy kommune, og MAKS Arbeids og Kompetansesenter AS, som hadde sine lokale på noverande administrasjonsadresse.

Begge verksemdene blei oppretta for å vere til hjelp for ulike grupper i samfunnet og deira plass i arbeidslivet.

NIS starta opp som Nordhordland Arbeidssenter hausten 1985 og var i starten ei  industriverksemd med arbeidsmarknadstiltak retta mot industrien. Bedrifta var den første av sitt slag på Vestlandet og var i starten eit senter for bedriftsintern attføring der arbeidstakarar som var falt ut av yrkeslivet skulle få eit attføringstilbod. Sinare vart driftsforma endra, og frå 1990 var bedrifta ei arbeidsmarknadsbedrift, samt lærebedrift innan CNC-faget. Her har både tiltaksdeltakarar og ordinære lærlingar fått ein god utdannin. Frå slutten av 1990-talet blei i tillegg avdelinga Back to Business starta opp i Eidsvåg med ulike tiltak og kurs for å hjelpa folk ut i ordinært arbeid.

MAKS hadde oppstart i 1985 med etablering av 2 kommunale arbeidsplassar kombinert med vaksenopplæring.  Sidan vaks verksemda med fleire plassar for personar som hadde trong for varige tilrettelagte arbeidsplassar.

Frå midten av 1990-talet fekk verksemda formidlingstiltak for å hjelpa folk som trong støtte for å koma ut i ordinært arbeidsliv (Arbeid med bistand). Etter kvart fekk verksemda også tiltak for avklaring av arbeidsevne og intern/ekstern arbeidstrening.

MAKS etablerte seg på Frekhaug og etablerte ulike samarbeidsavtalar med ordinære verksemder, blant anna ein del lagerhald for FRAMO

I 2014 starta dei to bedriftene samtalar  om å gå i lag for å stå sterkare i regionen. I februar 2016 blei det etablert felles verksemd med lokasjonar på Frekhaug, i Knarvik, på Olsvollstranda (Radøy) og i Bergen.

Avdeling Industriservice på Radøy blei lagt ned i 2017.

I perioden juli 2016 – juli 2020 drifta Gløde NAV sine anbodstiltak Avklaring i Nordhordland og Åsane samt  Oppfølging i Nordhordland og Bergen. Etter ny anbodsrunde i 2020 er det no andre verksemder som driftar desse tiltaka, og vi avslutta våre leigeavtalar i Knarvik og Bergen.

Gjennom åra har Gløde jamt og trutt hatt vekst både i tiltaksportefølje i tal på deltakarar, produksjonsområde, i omsetnad og i tal på ordinært tilsette. Konjunkturar og endringar i marknaden slår også inn hos oss, og vår politikk handlar difor om å stadig vere i utvikling.

Gløde er i dag ei bedrift med mykje kompetanse og erfaring innan tilrettelegging, avklaring og formidling, samt kompetanse innan produksjon og sal av ulike produkt og tenester.