Det har tatt tid, men endeleg kan vi ta i bruk det nye bygget på Mjåtveitflaten til det formålet det er tiltenkt. For Gløde – og kanskje for deg – eit lite Kinderegg:
- Vi skal spare miljøet for avfall og meir utslepp
- Vi har for sal gjenbruksmateriale til ein fornuftig pris
- Vi får ein ny treningsarena for personar som treng tilrettelagt arbeidstrening
Sjølv om Kinderegget i vår form manglar sjokoladen, inneheld det utfordringar, og kanskje nokre overraskingar.
«Bærekraftig utvikling er utvikling som tilfredsstiller dagens behov uten å ødelegge fremtidige generasjoners muligheter til å tilfredsstille sine behov»
Rapporten Vår felles framtid, Brundtlandkommisjonen, 1987
Gløde tar fleire grøne grep
Forretningsideen bak Gløde Gjenbruk er gjenvinning av materiale for byggenæringa. Som sertifisert Miljøfyrtårn har Gløde krav på seg til å støtte opp om og bidra under FN sine bærekraftsmål. Med oppsett av hallen på Mjåtveit, mottak av byggemateriale, sal av gjenbruksmateriale til privatpersonar for ombruk, og produksjon av diverse artiklar av gjenbruksmateriale, har Gløde fokus på sirkulær økonomi og bidrar dermed til å fremje ansvarleg forbruk og produksjon. I tillegg kan Gløde etter kvart utføre oppdrag med rivning, sanering og transport med tanke på gjenvinning.
På veg mot eit nullutsleppsamfunn ynskjer Gløde å vere aktøren som hjelper byggenæringa med å bli kvitt rivningsmateriale. Vi har avtale med entreprenørar som gir oss gjenbruksmaterial som elles ville blitt kasta. Vår idé: sal av gjenbruksmaterial, og produkt laga av gjenbruksmaterial.
Nasjonal handlingsplan for bygg- og anleggsavfall 2017-2020, NHP4, blei lansert i 2017. Hovudmålet i planperioden er at alt bygg og anleggsavfall skal minimerast og sikrast høgast mogeleg gjenvinning og forsvarleg handtering. NHP4 har tre delmål:
- Bidra til forsvarleg handtering av alt farleg bygg- og anleggsavfall, og hindre resirkulering av miljøgifter
- Oppfylle EU sitt mål om 70% materialgjenvinning av avfall frå bygg- og anleggsbransjen (BA-avfall)
- Minimere mengda BA-avfall ved riving, rehabilitering og nybygging
Når Gløde no opnar Gjenbrukshall på Mjåtveitflaten for deponi, lagring og sal av bygningsmateriale, gjer vi berre det som i århundrar har vore heilt nødvendig – å utnytte ressursane. Ei stor utfordring for bygg- og anleggsbransjen er knytt til produksjon av byggevarer. 24% av den totale avfallsmengda ble generert av bygg- og anleggsverksemder i 2018, det vil seie 2 812 tusen tonn, ifølge SSB sitt avfallsrekneskap.
Opning for publikum
Fredag 23 oktober opnar vi den nye gjenbrukshallen for spesielt inviterte.
Hallen opnar for publikum i veke 45. Torsdag 5.11 er hallen open til 19.00 og laurdag 7.11 open mellom kl. 11-14. Det vil kome nærare informasjon om opning og opningstilbod.
(Image by Please Don’t sell My Artwork AS IS from Pixabay)
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!