Oppfølging av sjukmelde

Gå til kontaktsjema

Gløde tilbyr oppfølging av sjukmelde arbeidstakarar. Vi er opptatt av at oppfølging skal skje i tråd med gjeldande regelverk, og at arbeidstakar og arbeidsgivar sine krav og plikter vert etterlevd. Dette vil også sikre at arbeidstakar opplever å ha brukarmedverknad, samtidig som arbeidsgivar erfarer at oppfølgingsplanar er oppdatert og at dialog med ulike aktørar blir konstruktiv.

Målet vårt er å sikre at arbeidstakar sitt sjukefråvær blir så lite som mogeleg, i den grad dette kan gjerast, og å sikre at arbeidsgivar kan ha fokus på økonomisk resultat.

Gjennom siste 25 år med arbeidsinkludering har Gløde opparbeida kompetanse og hausta relevante erfaringar frå ulike arbeidsgivarar. Vi har vore heldige og lært ulike arbeidsgivarar personleg å kjenne, og slik mottatt konstruktive og relevante forslag som vi ønsker å dele med våre kundar. Vår samtalemetodikk har fokus på motivasjon og ønske om endring/tilrettelegging.

Gløde Kompetanse Oppfølging

Gjennomføring:
Gløde gjennomfører samtalar med arbeidsgivar og arbeidstakar og kan vere til støtte for begge partar.

Vi har god kunnskap om krav og forventningar til regelverk som er knytt til arbeidsmiljøloven og NAV sine krav og forventningar til arbeidsgivarar og arbeidstakarar, samt verkemiddel som ligg føre hos NAV.

Kontaktperson: Avdelingsleiar Tryggve Gran, tlf. 479 32 483, tryggveg@glode.no

Oppfølging av sjukmelde

Gløde AS

Org nr: 963 399 243

Adresse

PB 97,
5906 Frekhaug

Kontakt

Telefon: +47 56 17 58 00
E-post: post@glode.no