Jobbfrukt

~ Korga med meining ~

Gløde tilbyr jobbfrukt til verksemder i Nordhordland og store delar av Bergensområdet.

Fruktkorgabonnementet Jobbfrukt.no er ei landsdekkande gruppe verksemder som legg til rette arbeid for personar med yrkeshemming og/eller behov for oppfølging og bistand.

Alle inkluderingsbedrifter som er med i Jobbfrukt, er sertifisert og lært opp på alle nødvendige områder. Blant anna har vi godkjenningar fra Mattilsynet når det gjeld hygiene, pakking og distribusjon.

Vi har også gjennomgått BAMA sin Jobbfrukt-skule, noko som gir oss innsikt i produkt, kvalitet og riktig behandling av varene.

Frå Gløde leverer vi om lag 400 fruktkorger kvar veke. I tillegg pakkar vi skulefrukt til skular i Nordhordland, Bergen og Askøy. Avdelinga er ein arbeidsarena for tilrettelagt arbeid og for deltakarar frå tiltaket AFT. Oppgåver er innan pakking, kvalitetssikring og distribusjon. Oppgåvene tilpassast kvar einskild arbeidstakar. Fagplan for logistikkfaget vert aktivt brukt i arbeidskvardag og opplæring.

Fruktavdelinga står til teneste! Vi fyller korga med ferske råvarer og leverer direkte til di lokale bedrift.

For meir informasjon og bestilling, ta kontakt med Mariann på tlf.  960 98 506, e-post: frukt@glode.no, eller gå direkte til bestillingsskjema (under).

Du kan også bestille direkte på jobbfrukt.no

Bedrifta di støtter verdifulle arbeidsplassar.

Fri levering. Første korg gratis.

Gjennom BAMA som leverandør er det garantert god kvalitet.

Prisar

  • Favorittkurv 3 kg
    Kr. 166,-
  • Favorittkurv 5 kg
    Kr. 259,-
  • Favorittkurv 7 kg
    Kr. 356,-
  • Plusskurv 4,5 kg
    Kr. 289,-
  • Basiskurv 3 kg
    Kr. 141,-
  • Basiskurv 5 kg
    Kr. 218,-
  • Basiskurv 7 kg
    Kr. 299,-

Bestill Bama Jobbfrukt gjennom Gløde

This contact form is deactivated because you refused to accept Google reCaptcha service which is necessary to validate any messages sent by the form.