Om Gløde

Gløde AS sitt formål er arbeidsinkludering, kompetanseformidling og verksemd i samband med dette. Gjennom arbeid og tenester har vi som målsetjing å styrke den enkelte sin moglegheit til sjølv å nå måla sine. Målgruppa er personar som kan ha behov for avklaring, arbeidstrening, opplæring og hjelp til å komme ut i ordinært arbeid, eller personar som treng varig tilrettelagt arbeid.

Gløde Lager Logistikk Praksisarena
Avklaring Yrkesveiledning Gløde AFT Språkopplæring Arbeidsinkludering

Vi tilbyr kompetanseavklaring og arbeidstrening innan ei rekke område, både i våre eigne avdelingar, og i tett samarbeid med næringsliv og relevante bedrifter. Vi er ein sentral aktør innanfor rekruttering til arbeidslivet og er ein døropnar for deg som søker jobb. Gjennom utadretta verksemd og god kontakt med lokalt næringsliv, opplever vi gode resultat og får positive tilbakemeldingar frå deltakarar som har oppnådd mål dei hadde då dei starta i Gløde.

Gløde ønskjer å vere ein samarbeidspartnar for deg når du skal planleggje karrieren din, bli kvalifisert til ein jobb, eller finne det arbeidet som passar for deg.